Bokslepp: Havradalen – lengst nord i fjølli

Kjell Bitustøyl:

Havradalen – lengst nord i fjølli

Fjellgarden Havradalen øvst oppe i Vågsli i Vinje kommune har fått si bok. Dette er forteljinga om folket på denne veglause garden, frå dei fyrste slo seg ned her i 1812 til garden blei brutalt neddemt i samband med Tokkeutbygginga i 1961. Same slekta har halde til her i fem generasjonar. Solskinssida av kraftutbygginga her er godt dokumentert, det var difor på tide at folket som blei ramma av denne utbygginga fekk koma til orde. Dette er historia om dei som dyrka jorda, bygde opp og skapte ein livskraftig heim, ein veglaus fjellgard med  store beiteområde innover vidda. Desse saftige fjellbeita har vore ettertrakta i fleire hundreår, også før det blei bufaste folk her. I Havradalen var det eit mangfaldig sosialt liv, særleg sommarstid då slåttekarar, breislejenter og budeier kom dit på arbeid, både frå aust og vest. Ressursane blei utnytta på ein berekraftig måte i form av reinsjakt, rypefangst, fiske, bærplukking og bruk av slåttemark og beite. Det var eit liv i slit og strev, men òg eit rikt liv tett på naturen. Det er ei livsform som er i ferd med å bli gløymt denne boka handlar mest om. Me fær òg høyre om korleis uerstatteleg verdiar gjekk tapt då Bordalsvatnet fløymde innover og vaska vekk kultivert jord og bygningar som hadde blitt til over ein periode på nærare 250 år. Boka inkluderer òg lendet rundt Bordalsvatn med stølar og leger. Me møter Vinje’s Storegut og ferdafolk frå farne tider, men òg ein gryande fjellturisme som meir og meir har blitt eit kjenneteikn på bruk av fjellet i våre dagar.

For bestilling kan de kontakte Margit Apeland på tlf 909  50 688 eller [email protected]

Boka kostar kr. 450,- og kan sendas i posten om ønskeleg.

Boka er òg i salg hjå Husflidsbue og Hus&Heim.