Boka om ferdsla over Haukelifjell. Haukelivegen 130 år!

Vegforbindinga mellom aust og vest har alltid vore viktig. Særleg viktig var vegen over fjellet mot vestlandet for dei som budde inst i Telemark. På vestsida av fjellet var det rom for kjøp og sal av varer.

Vegen over Haukeli var opna i 1889, den fyrste bilen køyrde over i 1906 og det gjekk bussrute over fjellovergangen allereie i 1913!

Turistane som fòr med bår frå Skien til Dalen via Telemarkskanalen fekk etterkvart augene opp for vegen over Haukelifjell mot Odda. Reiselivet var i gong, og det var gode moglegheiter for lokale og drive forretningar og overnattingsstader. I starten var vegen berre ope om sumaren, og det var alltid stor stas når den fyrste bussen kom over fjellet på våren.

I 2019 feira Haukelivegen 130 år!

Det er blitt skrive ei historiebok om denne hovudfartsåra frå Dalen til Odda. Boka tar føre seg ferdsla over Haukelifjell og dei gamle hotella.

Ei interessant bok som tek føre seg eitt kapittel av norsk veghistorie!

Boka kostar kr. 360,- og ligg for sal rundt om på forretningane i området.